Anne Gundersen

Bedriftsrådgiver

Eg ynskjer å bistå bedrifter med å nå sine mål i ei berekraftig reiselivsutvikling.

Det meste av mitt yrkesliv har vore innan kultur og reiseliv. Fyrst som reiselivskonsulent i Tokke kommune og seinare år som leiar for publikumsavdeling ved Vest-Telemark Museum. Som reiselivskonsulent var eg t.d. med å starte VandreTelemark. Den type prosjekt er ekstra artige då dei er jordnære og gjev resultat som kjem både reiseliv og innbyggjarar til gode. Som leiar for publikumsavdeling ved Vest-Telemark Museum hadde eg ansvar for marknadsføring, sal og booking, museumsbutikkane, kafédrift og ein del aktivitetstilbod.

Min store motivasjon har i alle år vore attendemelding frå nøgde gjester. For mange leverandørar innan servicenæring trur eg ofte dette handlar om å gje det vesle ekstra og uventa.
Eg arbeidar i hovudsak med reiselivsbedriftar i Vest-Telemark. Dette høver meg godt då eg har stoltheit og hjarte for regionen.
Eg har ansvar for Start Opp Vest-Telemark og eg er Miljøfyrtårnansvarleg.

Har du noko du treng hjelp med eller ein idé du vil lufte? Ta kontakt, då, vel.