Elin Andresen

Elin Andresen

Administrator og husvert

Eg er den fyste du møter når du kjem til oss, og for meg er det viktig å skape trivsel og bidra til eit godt arbeidsmiljø blant tilsette og besøkande.

Eg er fødd i Trondheim, bur i Kviteseid og har vore tilsett i Telemark Næringshage sidan 2012. Eg er gift og har to vaksne sonar. I tillegg til lang erfaring innan sal og service har eg óg jobba mange år med hermetikkproduksjon og haldt ein del foredrag for kokkelærlingar. Ved sidan av jobb, har eg vore aktiv i organisasjonsarbeid i 17 år, og i sju av desse åra var eg hovudtillitsvalt.

I 1998 flytta eg til Kviteseid, og har sidan då jobba på storkjøkken og med sal av varmmat i ulike butikkar. I tillegg til å jobbe fullt i næringshagen, arbeider eg deltid hos Elisabeth Mote i Kviteseid.

I Telemark Næringshage er eg ansvarleg for kantina, reinhald, møterom og og bygget generelt.