Guro Mæland

Guro Mæland

Seniorrådgjevar

Eg forstår målretta arbeid mot suksess og vil dele mine erfaringar og store nettverk med bedrifter i regionen.

Eg har eit aktivt liv i Flatdal med to born, er utdanna fysioterapeut, men nå næringsutviklar innan identitetsbygging.

Desse fire motsetningane har blitt heilt naturleg for meg. På kontrastar bygger eg forståing.

I Telemark Næringshage er mitt mål å hjelpe deg til å forstå destinasjonsutvikling, digital synlighet og korleis du bygger identitet.
Eg modellerer prinsipper frå opplevingsøkonomi og -design til eit enkelt språk du kan forstå. Historieforteljing er også eit nøkkelord eg har med meg frå dei siste 8 åra innan markedsstrategi for små og mellomstore bedrifter.

Vegen til i dag har vore svært variert, men likevel ein tydeleg raud tråd: Etter fem år som fysioterapeut i Finnmark og Telemark, greip eg sjansen og blei med på eventyret IT-selskapet ASPIT var i ferd med å stake ut: Å utvikle software/system for helsebransjen i ei spanande tid som premissleverandør for norsk e-helse. I seks år sat eg i styringsgruppa med titlane marknadsansvarleg for produktet og prosjektleiar for utvikling. Ei solid erfaring innan markedsføring, strategi, risiko og guts, omstilling og endringsleiing samt eit stort nasjonalt og internasjonalt nettverk eg gjerne vil dele vidare.

Eg har vidareutdanning innan organisasjonskultur og verdibasera leiing, og innehar fleire verv i lag og foreiningar i Vest-Telemark – spesielt innan reiseliv, kultur og idrett.

Mi nykkelkompetanse er nok at eg forstår målretta arbeid mot suksess og vil dele mine erfaringar og store nettverk med bedrifter i regionen.