Haavard Jakobsen Ofte

Håvard Jakobsen Ofte

Seniorrådgjevar

Etter mastergrad i organisasjonspsykologi vende eg heim til Vest-Telemark, og har med meg brei erfaring innan utvikling av tenester og organisasjonar.

Med kone og tre små born bur eg på småbruket Uppigard Ofte i Høydalsmo. Gjennom forsking og utviklingsprosjekt har eg medverka til å evaluere og forbetre offentlege tenester, mellom anna innan helsevesenet og Nav.

Eg har vidare erfaring som rådgivar og leiar innan det private helsevesenet. Erfaringa mi strekk seg over leiing, strategiutvikling, organisasjonsendring, personalutvikling, anbodsprosessar og analyse av statistikk og resultatdata.

Mi nykkelkompetanse innan leiing er å ha særleg fokus på korleis ein kan bruke og utvikle kompetanse i organisasjonar og på tvers av dei. Innan forretningsutvikling har eg særleg fokus på korleis innhente og bruke informasjon frå ulike kjelder som grunnlag for å ta gode val i selskapet.