Publisert 26. mars, 2020

Handtering av avbestillingar, tap og forpliktelsar

Reiselivet er særleg hardt ramma av koronakrisa. Det dukkar opp mange spørsmål knytt til avbestillingar, erstatning, forpliktelsar og tap som ei direkte følge av koronavisuset. 

Sjå nhoreiseliv.no sine anbefalingar for korleis du best handterar slike situasjonar  

Heving av midlertidige tilsettingar

Har du inngått arbeidsavtaler med sesongtilsette for sommaren 2020? Ser du at du ikkje har behov for sesonghjelp eller at behovet no er mindre enn planlagt? Då må ein revisjon av avtalen diskuterast. Ta kontakt med dei det gjeld snarast mogleg!  

Sjå nhoreiseliv.no sine råd om korleis du som arbeidsgjevar går fram

Innovasjon Norge går i dialog med reiselivsnæringa for felles prioriteringarInnovasjon Norge Reiseliv vil i dagane framover intensivere kontakten med sine samarbeidspartnarar. Dette for å samlast om prioriteringane framover og for å kunne sett inn dei rette tiltaka.

MEIR INFORMASJON

https://business.visitnorway.com/no/nyheter/2020/

NHO Reiseliv og vidare arbeid med koronakrisa

NHO Reiseliv arbeider med å formidle konsekvensane koronutbrotet har for bransjen og kva for tiltak dei meiner er naudsynte frå myndigheitane si side. Les meir om agendaen deira framover.

 

VisitNorway arbeider med ein plan på vegne av reiselivsnæringa

VisitNorway mottek mange spørsmål om korleis koronasituasjonen påverkar deira planar for marknadsføring. 
Dei arbeider no med ein plan for å bruke profilering som verkemiddel i krisehandteringa på vegne av norsk reiselivsnæring. 
De tre områda planen har fokus på er aktivitet for å:
  • oppretthalde synleghet i marknader som normalt er viktige for oss,
  • marknadsføre Norgesferie til nordmenn og nærmarknader 
  • gjenopprette reiselyst og Noreg sin posisjon 
MEIR INFORMASJON

https://business.visitnorway.com/no/nyheter/2020/markedsforing-i-koronaens-tid/?