fbpx

Du har kanskje ein god idè eller eit uforløyst potensiale? Etablerarkontoret hjelper deg med korleis du kan gå frå idè til verksemd. 

Telemark Næringshage leverar etablerarkontor på vegne av alle Vest-Telemark kommunane. Me er fyrste kontakt for deg som har lyst til å etablere ei bedrift i Vinje, Tokke, Fyresdal, Kviteseid, Seljord og Nissedal kommune.

Per Olav Lindalen har det daglege ansvaret for tenesta, og er saman med kollega Margit Haukvik ofte den fyrste kontakten du møter. Me leverer teneste på tvers av den varierte kompetansen våre rådgjevarar har.

Me har fast rullerande drop-in kontor i kommunane kvar tysdag og torsdag mellom 10.00-14.00. Det er enkelt å ta kontakt med oss, enten om du ringer, sender e-post eller stikk innom på drop-in-kontor. 

For å kunne hjelpe deg best mogeleg, ynskjer me at du fyller inn kartleggingsskjema på førehand (det tek 5-10 min).

Etablererkontoret i Vest-Telemark levert av Telemark Næringshage AS
Kviteseidvegen 18, 3850 Kviteseid
Telefon: 359 01 190
Epost: etablerar@telemarknh.no

Me har drop-inn-kontortid lokalt i kvart kommunesenter, ein dag annakvar veke: 

Stad
Tid
Lokale
Fyresdal
Torsdag kl.10:00-14:00 partalsveker
Næringshagen
Nissedal
Torsdag kl.14:00-14:00 partalsveker
Kommunehuset
Seljord
Tyrsdag kl.10:00-14:00 partalsveker
Telebygget
Kviteseid
Tyrsdag kl.10:00-14:00 oddetalsveker
Næringshagen
Vinje
Torsdag kl.10:00-14:00 oddetalsveker
Kommunehuset
Tokke
Torsdag kl.10:00-14:00 oddetalsveker
Kommunehuset

Me er sjølvsagt å treffe i kommunesentra på andre tider etter avtale, eller i Telemark Næringshage AS, (Kviteseid) kvar vekedag.

Sjå facebooksida til Etablerarkontoret-i-Vest-Telemark

«Det har eg aldri prøvd før, så det trur eg sikkert at eg kan klare»

- Astrid Lindgren