Publisert 17.04.2020

Kompensasjonskalkulator

TNH sin samarbeidspartnar Soly har utvikla ein kompensasjonskalkulator. Kalkulatoren hjelper verksemder som skal søke kompensasjonsordninga med å rekne ut kor mykje kontantstøtte dei kan søke om.

 

Kalkulatoren er brukarvennleg, rask og har gode hjelpetekstar. Oppsettet er enkelt og syner til postar i næringsoppgåva som igjen sjekkas mot faste kostnadar verksemda ikkje kan unngå. 

 

Berekningsmodellen passar dei aller fleste verksemder uavhengig av bransje. Me anbefaler dei verksemdene som må gjera vurderingar undervegs om å ta kontakt med rekneskapsføraren sin.

 

Me gjer merksam på at tala frå kompensasjonskalkulatoren er retningsgjevande og ikkje fasit. Det kan oppstå endringar i ordninga undervegs som kan gje utslag for databerekninga.  

 

Me anbefaler difor å nytte kalkulatoren som ei støtte til å samle inn talgrunnlag til relevante faste kostnadar og anslå kva for tap verksemda har hatt i omsetning sidan den 12.mars.