fbpx

Dagleg leiar

Lyst til å leie Telemark Næringshage AS – vårt spanande regionale senter for kompetanse og verdiskaping?
Nåverande dagleg leiar i selskapet går over i annan stilling, og vi søkjer hans etterfylgjar.

  • Som dagleg leiar får du økonomi-, resultat- og personalansvaret i selskapet.
  • Du skal leie Telemark Næringshage AS i tråd med gjeldande mål og strategiar.
  • Du skal vera ein pådrivar innan utvikling av selskapet og selskapets ulike forretningsområde.
  • Du bør ha leiarerfaring og forståing for god personalleiing.
  • Du kommuniserer godt både skriftleg og muntleg.
  • Du har god forretningsforståing og er ein entusiastisk, målbevisst og resultatorientert person.
  • Du tar initiativ, er ansvarsbevisst og arbeider sjølvstendig.

Telemark Næringshage AS er inne i eit treårig prosjekt-arbeid for å vidareutvikle og sikre næringshagetilbodet i Telemark fylke. Som dagleg leiar får du ei nøkkelrolle i vidareføringa av dette arbeidet.

Vi lovar deg ein interessant og variert jobb. Ein jobb i eit miljø der du kan tileigne deg viktig kompetanse, erfaring og eit stort nett verk.
Løn etter avtale. Søknadsfrist: 10. august 2019.

For meir informasjon om stillinga og selskapet, ta kontakt med styreleiar Gunnar Ruud, tlf: 91714035, epost: gunnar.r@rekneskapskontoret.no

Bedriftsrådgjevar

Telemark Næringshage AS har ledig ei stilling som bedriftsrådgjevar.
Som rådgjevar vil du vera ansvarleg for å bygge og vedlikehalde di eiga kundeportefølje av utviklingsorienterte bedrifter i Telemark. Du har god formalkompetanse innen tekniske eller økonomiske fag, og evner å snakke kundens språk og forstå kundens behov. Rådgjevaren rapporterer til dagleg leiar, og jobbar tett mot selskapets øvrige forretningsområde.

Ansvarsområde:

  • Prospecting og innsal av næringshagens tenester til utviklingsorienterte SMB’er i Telemark.
  • Rådgjeving og kompetanseheving av kunder
  • Bidra til å vidareutvikle næringshagens produktportefølje og strømlinjeforming av arbeidsprosessar
  • Nettverksbygging mot relevante aktørar innan næringsliv, FoU miljø, offentleg forvalting og politikk

Ynskjeleg kompetanse:
Høgare utdanning innen tekniske eller økonomiske fag, 4 år eller meir.
3-10 års relevant arbeidserfaring, gjerne med prosjektleiing og/eller utviklingsprosjekt. Strategisk dyktig og evne til relasjonsbygging.

Stillinga er ei toårig prosjektstilling med god mogleghet for forlenging.
Løn etter avtale.

Er du vår nye rådgjevar? Søk i dag!
Send søknad med CV tll gunnar.r@rekneskapskontoret.no
Søknadsfrist: fortløpande.

For nærmere informasjon om stillinga, ta kontakt med styreleiar Gunnar Ruud
Mobil: 91714035, e-post: gunnar.r@rekneskapskontoret.no

«Me er avhengige av dyktige og engasjerte medarbeidarar, som utfyller kvarandres fagfelt, og me har alltid plass til deg som kan utfylle teamet vårt»
Eirik Håskoll Næss