Saman med Morgedal Hotell og Vest-Telemarkrådet ba me i februar 2019 inn til ei samling for produsentar og reiselivsbedriftar i Telemark. Samlinga skulle markere avslutninga på to forprosjekter; Berekraftig lokalmat og reiseliv i Fjell-Telemark og Identitet og historie på menyen – servering av lokalmat på og rundt Telemarkskanalen.

flatbrød fra morgedal

Samlinga dreide seg om å bringe lokalmat til bords og samle reiselivet rundt opplevinga mat frå Telemark.

Bedriftsinitiativet kjem frå Morgedal Hotell, som med nye eigarar har staka ut ein målretta strategi om å støtte og skape mangfold blant produsentar av lokalmat i vår region, samt å inspirere unge kokkar til å bli begeistra for lokalmat.

Lokalmatprodusentane hadde søndag ettermiddag salsmesse på hotellet, som var åpent for publikum. Over dei to neste dagane deltok dei i workshopar med ekspertkokkane Bodil Nordjorde, Tore Namstad og Christer Berens, og lagde mat av lokale råvarer – som produsentane sjølv bringte til bords.

Vår rådgjevar, Thomas Berstad, heldt ein stødig hånd om arrangementet, og har sjølv lang erfaring frå reiselivsnæringen i inn- og utland. I Telemark Næringshage jobbar han målretta for å skape koblingar og synergiar. Målet er å kunne etablere ein årleg samling av dette slaget, for å fremme matopplevinga som ein viktig del av vår region som destinasjon.