Med målbedriftsavtale hos oss, får du tilgang på tenester som gjer verksemda di i stand til å løyse eigne utfordringar på sikt

Ved å vera med i relevante nettverksaktivitetar, dele av eigne erfaringar og høyre om andres erfaringar, er verksemda di med på å skape vekst og verdi både i eigen og andres verksemder.

Målbedriftsavtala stiller ikkje konkrete krav til kor mykje verksemda di må delta i nettverksaktivitetane.

Tilskot frå SIVA 

Ei målbedriftsavtale inneber at du berre betalar ein eigenandel for timane våre. SIVA gjev deg tilskot til resten. Me ordnar alt papirarbeidet med dette, men du må gje oss tilgang på informasjonen og dokumentasjonen me treng til våre rapportar til SIVA. 

Samla tilskot frå SIVA til din bedrift kan ikkje overstige € 200 000,- over ein rullerande periode på tre år.

Tenester levert av andre samarbeidspartar og leverandørar enn Telemark Næringshage AS, utløyser ikkje tilskot frå SIVA.

Les meir om SIVA 

Timepris 

Eigenandelen verksemda di betalar for våre tenester, vil variere og ligg på mellom kr. 250,- til kr. 750,- eks. mva per time. Økonomien til verksemda og innovasjonsgraden på arbeidet  blir lagt til grunn for å fastsette timeprisen. 

Timeprisen blir avtala på førehand.

Lurer du på om di bedrift kan ha nytte av ei avtale med oss?