fbpx

Som ein langsiktig utviklingspartner for din bedrift vil me også kople inn eksterne når det trengs.

Gjennom eit utstrakt bedriftsnettverk i Telemark kan me setje deg i kontakt med dei rette menneska i nærområdet, samtidig som me via vårt SIVA-samarbeid har tilgang på nettverk og klynger i heile Norge. Me skapar også mange relevante arrangement og møteplassar for bedrifter og støtteapparat. Nettverket vårt kan være nykelen din!

Ei klynge er ei geografisk konsentrasjon av bedrifter i same eller relaterte næringar. Ei klynge blir til eit kunnskapsmiljø som samarbeider for å utvikle og fremme fordelar og effektar større en den enkelte bedrift klarer på eiga hand.

Ved å samle kompetanse og konkurranse på ein stad vil effekten vera ein konsentrasjon av kunnskap som gjer at bedrifter kan lære av kvarandre, bli meir innovative og få høgare verdiskaping.

Våre konsulentar kan fungere som klyngeorganisatorar ved å ha ansvar for å drive arbeidet gjennom felles arrangement og ulike type erfaringsutvekslingar.

«Hvem skal overvinnes i duell når den eneste du møter er deg selv igjen og igjen?» sitat Siri Nilsen