Publisert 25. mars, 2020

Koronarelatert sjukefråvær

  • Arbeidsgjevar betalar dei 3 første dagane, anten arbeidstakaren nyttar eigenmelding eller sjukemelding           
  • Nav tek rekninga frå og med fjerde dagen
  • Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar får 80% sjukeløn frå Nav frå og med fjerde sjukedag 
  • Eigenmelding er greit i 16 dagar. Det krevst ikkje sjukmelding i desse 16 dagane.                 
  • Nav refunderer sjukepengane

MEIR INFORMASJON
https://www.nav.no/no/nav-og-samfunn/samarbeid/leger-og-andre-behandlere/nyheter/sykmeldinger-i-forbindelse-med-koronaviruset 

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/nye-regler-om-koronarelatert-sykefravar-og-egenmelding/id2694350/ 

Nye reglar for sjuke born 

  • Foreldre får dobbelt så mange dagar med omsorgspengar («sjukt born dagar»). Arbeidsgjevar betalar kun for dei 3 første dagane:  
  • Foreldre får dobla talet på «sjukt born-dagar» for born under 12 år. Kvar vaksen har då rett til 20 dagar per born med full løn. 
  • Foreldre får og rett på omsorgspengar for å vere heime med born når skular og barnehagar er korona-stengt. Du kan altså bruke «sjukt born-dag» sjølv om barnet ditt er friskt, men har eit omsorgsbehov. 
  • Dagar med omsorgspengar kan overførast mellom to foreldre.
  • Arbeidsgjevar betalar dei tre første dagane av omsorgspengane.
  • Frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande har krav på same tal «sjukt born dagar» med 100% lønskompensasjon, men blir trekt ein venteperiode på 3 dagar

MEIR INFORMASJON
https://www.nav.no/familie/sykdom-i-familien/nb/omsorgspenger

For personleg næringsdrivande/frilansarar

Bestemmelsane nevnt ovanfor er no ganske likelydande for ordinært tilsette og personleg næringsdrivande/frilansarar.

MEIR INFORMASJON
https://www.lo.no/hva-vi-gjor/koronasituasjonen/nyheter-om-korona/rilansere/

Nye permitteringsreglar

Frå og med 20. mars blir permitteringsreglane endra. 
Dette inneber at: 

  • NAV tek over full løn til alle som har vore permitterte i meir enn to dagar.
  • Dei som blir permittert slepp tre dagars ventetid før utbetaling av dagpengar startar.
  • Det er nok å vera 40 % permittert for å ha rett på dagpengar.
  • For permitteringea som allereie er sett i verk slepp arbeidsgjevarar som har betalt løn i minst to dagar ytterlegare lønnspliktdagar.

NHO arbeider no med å få på plass kompensasjon for verksemder som er langt inne i arbeidsgjevarperioden, slik at ingen skal måtte betale meir enn to dagar av arbeidsgjevarperioden. 

MEIR INFORMASJON
https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/foreslar-endringer-i-permitteringsregelverket/id2693533/ 

Korleis utføre permitteringar i praksis?

Video fra Nav til deg som arbeidsgiver >

Video fra Nav til deg som har blitt permittert >

Video fra Nav til deg som skal søke om dagpenger under permittering >

Satsar og innbetalingsfrister for skatter og avgifter

MVA

Låg mva-sats reduserast frå 12 % til 8 % med verknad frå 20. mars til og med 31. oktober 2020. Dette gjeld mellom anna persontransport, overnatting og delar av kultur- og aktivitetssektoren.

  • Innbetaling første termin: 10. juni 2020
  • Innbetaling andre termin: 1. september 2020

AGA

Arbeidsgjevaravgifta vert senka med 4 % frå og med 19.03.20 og i to månader.

I Vest-Telemark inneber dette at arbeidsgjevaravgifta i denne perioden vert 6,6 %.

  • Innbetaling andre termin: 15. august

Skatt

Underskot i aksjeselskap kan tilbakeføres mot beskatta overskot i 2018 og 2019. Dette vil fyrst ha likviditetseffekt i 2021 når skatten for 2020 forfaller.

Viktig råd til personleg næringsdrivande: Søk om nedsett forskotsskatt!

Forskotsskatten er berekna utifrå forventa inntekt og formue. Når aktivitet og inntekt vert redusert, må også forskotsskatten endrast / reduserast. Du kan gjere dette sjølv via skatteetatens heimesider: https://www.skatteetaten.no/person/skatt/skattekort/forskuddsskatt/

  • Innbetaling forskotsskatt: 1. mai
  • Innbetaling skatt for selskap (2. termin): 1. september