fbpx

Telemark Næringshage AS er opptatt av å beskytte og respektere ditt personvern i samsvar med EUs personvernforordning (2016/679) av 27. april 2016 (General Data Protection Regulation). Denne personvernerklæringa forklarar når og kvifor me samlar inn personopplysningar, og korleis me brukar dei, under kva for høve  me kan formidle dei til andre, og korleis me tek vare på opplysinganes tryggleik.

Kven er me?

Telemark Næringshage AS arbeider med rådgjeving og rettleiing for næringslivet i heile Telemark. Verksemdas hovudkontor finn stad i Kviteseid i Vest-Telemark, Norge.

Telemark Næringshage AS er dataansvarlege, og verksemdas databeskyttelsesansvarlege kan kontaktast på e-post.

Når samlar me inn personopplysningar om deg?

  • Når du kontaktar oss for rådgjeving/rettleiing.
  • Når du melder deg på eit av våre arrangement.
  • Når du samhandlar med oss personleg, gjennom korrespondanse, via telefon, i sosiale media eller vår webside.
  • Når me samlar inn personopplysningar frå offentlege kjelder (for eksempel
  • Brønnøysundregistra), nyttar me berre desse opplysningane dersom dy har gjett kjeldene samtykke til at dei kan dele personopplysningane dine med andre.

Kvifor samlar me inn og nytter personopplysningar?

Me samlar inn og nytter personopplysningar hovudsakeleg for å kunne følgje opp vår rådgjeving og rettleiing, og marknadsføre arrangement. Me samlar óg inn opplysningar om våre leverandørar, partnerar og personar som søkjer jobb eller arbeidar i vår verksemd.
Me kan nytte personopplysningane dine til følgande føremål:

  • Sende deg marknadsføringskommunikasjon. Dette kan omfatte informasjon om våre tenester, og marknadsføring av arrangement og aktivitetar. Denne kommunikasjonen er abonnentsbasera, og krevjar at du samtykkjer til å motta den.
  • Gje deg informasjon om eit arrangement du har meldt deg på, for eksempel program, tid og stad.
  • Svare på eit «Kontakt meg»-skjema eller andre webskjema du har fylt ut på våre websider.
  • Følgje opp innkommande førespurnadar (kundestøtte, e-post og telefonsamtalar).
  • Kontakte deg for å utføre undersøkinger om kva du meiner om våre produkt og tenester.
  • Behandle ein jobbsøknad.

Kva for personopplysningar samlast inn?

Me samlar inn namn, kjønn, fødselsår, adresse, telefonnummer, e-postadresse og stilling, samt namn og kontaktinformasjon til verksemda du arbeidar i. Me kan óg samle inn tilbakemeldingar, kommentarar og spørsmål me har mottatt frå deg i servicerelatera kommunikasjon og aktivitetar, som møter, telefonsamtalar, dokumentar og e-post. Frå websidene våre kan me samle inn IP-adresser og handlingar utført på sida.

Om du søkjer jobb i Telemark Næringshage AS, samlar me inn opplysningane du gjer oss under søknadsprosessen.

Telemark Næringshage AS samlar inn og behandlar spesielle kategoriar med personopplysningar, som unike identifikatorar og sensitive personopplysningar.

Kor lenge tek me vare på personopplysningar?

Me lagrar innsamla personopplysningar så lenge me meiner det er nødvendig for å oppfylle føremålet med innsamlinga. Samstundes vurderer me behovet for å svare på førespurnadar frå deg eller løyse potensielle problem, overhalde lovfesta krav under gjeldande lovgjevnadar  og behandla lovfesta krav/klager. Samstundes tek me beskyttelsesføremål i betraktning.

Dette betyr at me kan oppbevare personopplysningane dine i ein rimeleg periode etter din siste samhandling med oss. Når personopplysningane me har samla inn ikkje lenger er nødvendige, sletter me dei på ein sikker måte. Me kan behandle opplysningane for statistiske føremål, men i slike tilfelle vil opplysningane bli anonymisert.

Rettigheitar for egne personopplysningar

Etter å ha vore i kontakt med oss og våre tenester, har du rett til å krevje innsyn i personopplysningane me behandlar om deg og korleis deg behandlast. Du kan óg krevje å få ein kopi av personopplysningane Telemark Næringshage AS har om deg, samt retting, sletting og avgrensingar i behandlinga av personopplysningar i høve til personopplysningsloven. Du har óg rett til når som helst å trekke tilbake eit samtykke til at me kan behandle personopplysningane dine.

Spørsmål om personvernrettigheiter kan sendast til margit.haukvik@telemarknh.no

Bruk av informasjonskapslar og nettvarder

Me brukar informasjonskapslar og nettvarder til å samle inn informasjon mens du navigerer på verksemdas websider (websidas navigasjonsinformasjon). Denne informasjonen omfattar standardinformasjon frå din nettlesar, som nettlesartype og nettlesarspråk, IP-adresse (Internettprotokoll) og handlingane du utførar på selskapets websider, som websidene du ser på og koblingane du klikkar på.

Informasjonen nyttast til å få websidene til å fungere meir effektivt, samt til å gje eigarane av sida forretnings- og marknadsføringsinformasjon. Me samlar óg inn informasjon om operativsystem, refererande side, banen gjennom webområdet, ISP-domene osv. Føremålet er å forstå korleis besøkande nyttar eit webområde. Informasjonskapslar og lignande teknologi hjelper oss til å skreddarsy webområdet etter dine personlege behov, samt til å oppdage og førebygge sikkerheitstruslar og misbruk. Viss informasjonskapslar og nettvarder nyttast aleine, vil dei ikkje identifisere deg personleg.

Delar me opplysningane dine med nokon?

Me verken delar, sel eller utvekslar dine opplysningar med tredjepart utan ditt samtykke.

Viss lovpålagt:

Me offentleggjer personopplysningane dine dersom det er pålagt ved lov, eller dersom ne som verksemd med rimelegheit meiner at denne offentleggjeringa er nødvendig for å beskytte verksemdas rettigheitar og/eller for å overhalde krav i forbindelse med ein rettssak eller rettkjenning. Me vil imidlertid gjere det med kan for å sikre at personvernrettighetane framleis beskyttast.

Bruk av underleverandørar (databehandlar og underdatabehandlar):

Me kan nytte underleverandørar til å behandle personopplysningar på våre vegne. Viss det er tilfellet, har me ansvar for å påse  at dei forpliktar seg til å følgje denne personvernerklæringa og gjeldande personvernlovgjevnad ved å signere ein databehandlaravtale.

Viss underleverandøren behandlar personopplysningar utanfor EU/EØS-området, må slik behandling skje i samsvar med rammeverket EU-US Pivacy Shield, EUs standardkontraktsvilkår for overføring til tredjeland eller anna spesifikt fastsett rettsleg grunnlag for overføring av personopplysningar til eit tredjeland.

Endringar i denne personvernerklæringa

Telemark Næringshage AS forbeheld seg retten til når som helst å endre denne personvernerklæringa. Den gjeldande versjonen vil alltid vere tilgjengeleg på våre websider. Me vil oppfordre deg til å sjekke personverneklæringa frå tid til annan, for å sikre deg at du er nøgd med eventuelle endringar.

Viss me gjer endringar som endrar personvernpraksisen betydeleg, varslar me deg på e-post eller ved å leggje ut ein melding på websidene våre før endringane trer i kraft.

Retten til å registrere klage hos ein tilsynsmyndigheit

Viss du ikkje er nøgd med måten personopplysningane dine er behandla på, kan du i fyste omgang kontakte oss per telefon eller e-post: post@telemarknh.no

Viss du framleis ikkje er nøgd, har du rett til å henvende deg til dei nasjonale tilsynsmyndigheitane for å få ein avgjørelse. Tilsynsmyndigheitane kan kontaktast på https://www.datatilsynet.no

Formålet med informasjonen som innhentes

  • For å kunne gje tilgang til våre tenester
  • For å kunne sende relevant informasjon
  • For å kunne ta kontakt og tilby våre tenester
  • For å kunne kople deg saman med relevante aktørar og bidra til større verdiskaping for din verksemd
  • For å kunne drøfte informasjon med aktuelle personar i kommunen, for å kunne gi deg best mogeleg rettleiing
  • For å kunne gjennomføre rapporteringar til kommunane