Publisert 30.03.2020

 

Kontantstøtte til verksemder og enkeltpersonføretak

Inntekter som har falle til null er eit stort problem for mange verksemder og enkeltpersonforetak som har blitt tvinga til å stenge. 

Samstundes fortsett dei faste kostnadane som husleige, renter og leige/leasing av utstyr, å løpe.

Regjeringa forslår no ei ordning der staten dekker ein del av dei faste kostnadane (driftskostnadar) til verksemder som har ein betydeleg nedgang i omsetninga grunna koronautbrotet.  
 

Ordninga skal i fyrste omgang gjelde for to månader, og det jobbast no med ei løysing der verksemdene sjølve søker støtte gjennom ein digital portal og står ansvarleg for dei opplysningane dei gjev.

Det står att å få på plass ei avgrensning og eit regelverk for ordninga. Det er meldt at dette kjem på plass i løpet av veke 14.