Det siste halve året har me jobba hardt med vårt nye prosjekt, #Tidtilmeir. Det er mange som ynskjer å kombinere bustad, fritid og karriere med det gode liv på landet, mens kompetanseverksemder sitter på spennande stillingar, som ofte ikkje vert utlyst.

Linken mellom desse, er at det heile tiden er ei søken etter «det rette» og «den rette».

#Tidtilmeir presenterer historiar frå attraktive verksemder i vår region, som skal gje inspirasjon til å søkje kontakt med verksemdene. #Tidtilmeir er eit rekrutteringsprosjekt som handlar om livsbalanse – Work Life Balance. Klarar me å formidle verksemdenes behov gjennom historiar, slik at nysgjerrige hitflyttarar tek sjansen?