Publisert 02.04.2020

Innovasjon Norge justerer sine tilbod

For å møte endra behov hjå næringslivet som følgje av koronapandemien, justerer Innovasjon Norge sine tilbod om tilskot, lån og garantiar og dei prioriterer arbeid med handsaming av søknader.

Innovasjon- og oppstartlån

  • Rentenedsetting på lån
    • lågrisikolån med 1,0 prosentpoeng
    • risikolån med 1,25 prosentpoeng
  • Forenkla prosess for søknad om utsetjing av avdrag på inntil eit år
  • Etablering av innovasjons- og risikolån med lågare krav til sikkerheit enn normalt
  • Oppstartlån aukar til 2 millionar utan auke i krav til kausjon eller eigenkapital
  • Rentefritak i 6 månader på eksisterande og nye oppstartlån (avdragsfriheit i 4 år)
  • Oppstartsverksemder som har motteke kommersialiseringstilskot får også moglegheit til å ta i mot oppstartlån. Endringa gjeld både eksisterande og nye kundar. (Tidlegare har det berre vore mogleg å ta i mot støtte frå ei av ordningane). 

Miljøteknologiordninga og innovasjonskontraktar

  • Opnar for fleire og større forprosjekt innan miljøteknologiordninga og innovasjonskontraktar
  • Halvering av krav til bidrag frå pilotkundar i forbindelse med innovasjonskontraktar

Kommersialiseringstilskot som gjeld nye prosjekt

  • Tilskotsandel aukar til 75% av dei totale kostnadane
  • Det vert og opna for høgare del interne kostnadar, inkludert løn

Prosjekt

  • Større bidrag til finansiering enn normalt (gjennom handlingsrom for statsstøtte)
  • Ved forseinkingar i gjennomføringa av prosjekt kan du få forlenga fristen for utbetaling 

MEIR INFORMASJON

Sjå innovasjonnorge.no>>

Siva legg til rette for raskare hjelp til verksemder

Situasjonen me no har i næringslivet er dramatisk og rammar små og mellomstore bedrifter særleg hardt. I denne krisa er det avgjerande at innovasjonsselskapa kan oppretthalde si drift med eit godt tenestetilbod som kan støtte verksemder over heile landet. 

Det er difor eit mål å mobilisere og forsterke Siva-strukturen slik at verksemder raskt får hjelpa dei treng for å overleve koronakrisa. 

Tiltak frå Siva:

  • krav om 25% eigenfinansiering fell frå for koronaramma verksemder som har avtale med næringshage/inkubator
  • auka rammer for å auke kapasiteten til å hjelpe næringslivet gjennom den pågåande krisa, samt sikre vekst og stabilitet i fasen som kjem etterpå.

Kjelde: https://siva.no/2020/03/siva-mobiliserer-innovasjonsselskapene/