- Forretningsidé og forretningsplan
- Markedsavklaring
- Valg av organisasjonsform
- Regnskap, rapportering og regler
- Budsjett
- Finansieringsmuligheter
- Registrering av virksomhet*
*Telemark Næringshage AS kan ikkje registrere verksemder for/saman med deg. Treng du hjelp til dette, anbefaler me å kontakte ein regnskapsførar.
Rettleiinga inkluderer ikkje konkret vurdering og hjelp med justering av din idè og forretningsplan.
Vår telefontid er onsdagar mellom 9.00 og 13.00. Ring oss på 35 90 17 17
Når me snakkar saman fyrste gong, fortel du om idéen din. Me har ulike verktøy tilgjengeleg, slik at me kan hjelpe deg. Du treng ikkje ha konkrete planar klare når du kontakter oss. Det er nok at du har ein god idé og eit ynskje om å etablere eigen verksemd. Me er her for å hjelpe deg med å ta ein ting av gongen i riktig rekkefylgje, som å finne ut kor du skal begynne, kva det er viktig å hugse på, kva du treng å undersøke vidare og kven du bør kontakte. Me har eit stort nettverk og kan koble deg saman med mogelege samarbeidspartnarar.
Me jobbar som veiledarar for oppstartsverksemder i fleire ulike bransjar. Det betyr at me ikkje sit med fasitsvar, men me kan koble deg med andre som har spisskompetanse på dei felta me ikkje har. Vårt mål er at du skal få ein best mogeleg oppstart for din bedrift i Vest-Telemark, gjennom at me hjelper deg på vegen med å utvikle din idé og gje deg eit godt grunnlag til å ta gode slutningar.
Telemark Næringshage og Start Opp Vest-Telemark er ein del av Start Opp Telemark. Dette er eit nettverk som hjelper oss å samarbeide med veiledere i andre regionar og med verkemiddelapparatet, slik at me kan gje eit best mogeleg tilbod til våre gründerar.
Telemark Næringshage AS er leverandør av Start Opp Vest-Telemark
Kviteseidvegen 18, 3850 Kviteseid
Telefon: 35 90 17 17
Epost: startopp@telemarknh.no